UtseldFugleterapi – Teiknekurs med Katrin Berge

Fugleterapi – Teiknekurs med Katrin Berge

I teiknekurset «Fugleterapi» fordjupar vi oss i fuglane si fantastiske verd gjennom teikning. Eit langbord blir dekka på med tørka botanikk, utstoppa fuglar, flotte fuglebøker med foto og teikningar, samt profesjonelt teikneutstyr. Vi har avslappande bakgrunnsmusikk med fuglekvitter (behageleg og mjuk kvitring som er snill mot øyrene), kaffi/ te og enkel snacks. Alle deltakarar får god individuell veiledning på teikning. Kurset krever ingen forkunnskap, alle kan delta uansett kva nivå dei ligg på teikneteknisk.

Kunstnar og kursleiar Katrin Berge er svært glad i fuglar og brukar dei mykje i sin kunstnarskap. Å teikne og snakke om fuglar er verkeleg terapi, og i dette kurset får ein både terapi og ny kunnskap om både fuglar og teikning! Det er fritt fram for å dele fakta og morsomme historier ein har opplevd med fuglar undervegs i kurset.

Om kursleiar:
Katrin Berge er ein 41 år gammel kunstnar utdanna frå Kunst- og Designhøgskolen i Bergen (KMD) med ein mastergrad i Visuell kommunikasjon og illustrasjon (2010). Berge kjem opprinnelig frå Fosnavåg i Herøy, men har vore fast busett i Bergen sidan 2004. Berge jobbar med blyantteikning og lagar naturalistiske og detaljerte teikningar av dyr og natur.

Kurset passar for vaksne frå 20 år.

Ein må vere interessert i fuglar og teikning, og gjerne begge delar. Kurset har tema fuglar, men går ut på å lære grunnleggjande teikning.

Varer 4t

Kursavgifta inkl. teiknesaker og lett servering.