Grendahuset

Grendahuset

Velkomen til Grendahuset!

Noko av det mest verdifulle Oseana kan gjere i dag, er å samle menneske i alle aldre, med all slags bakgrunn, for å oppleve ting saman. Spele, leike, lære, og ikkje minst dele eit godt måltid.
Du er med dette invitert!

Grendahuset er eit prosjekt der vi vil samla familiar, einslege, vener og naboar til eit godt måltid i restauranten – ein heilt vanleg onsdag. I tillegg kan barn og ungdom få leksehjelp, det blir samtalar og foredrag, teiknekurs og andre spennande aktivitetar. Alt inkludert for ein hundrelapp.

30. mars er andre gong Grendahuset vert arrangert.

14:00 - 16:30 Leksehjelp i foajé – eller berre slappe av med vener etter skulen.
16.30 - 17.30 Roalds heimelaga fiskepinner med potetmos og grønsaker
17:15 - 17:45 Middagspraten med dagens gjest, Eirik Søfteland.
17:15 - 20:00 Aktivitetar

LEKSEHJELP
Her er barna velkomen til å stikke innom etter skulen. Dei treng ikkje å vise billett, dette er gratis for alle. Leksehjelpen er ferdig rett før middag kl. 16:30. Du som forelder kan stressa ned etter jobb, og møte barna på Oseana til ferdig middag.

MIDDAG
Blir servert i restaurant, ved framvisning av billett.

MIDDAGSPRATEN
Ein uformell prat med ulike gjester over forskjellige tema. Kanskje det blir ein samtale med fleire rundt bordet?

Kveldens gjest er Eirik Søfteland.
Gjennom si deltaking i Idol, Skal Vi Danse, Stjernekamp og Århundrets stemme gjorde han kvar kveld til festkveldar på TV. Han tok Noregs langstarkte land med storm! Gjennom Idol fekk artisten vist si store musikalske breidde, og at han er ein showmann utan like. Sitat Gunnar Greve: ”Vi ser den ultimate entertaineren bli født på scenen.” Eirik Søfteland er på ingen måte framand for Os og Oseana, han har hatt tallause opptredenar på huset, og det med høg gåsehudfaktor.

På Grendahuset skal han få lov til å snakke om seg sjølv, livet, familien, karrieren, og kven veit; kanskje han ikkje klarar å halde fingrane unna flygelet som står i Griegsamlingen :)

AKTIVITETAR
Aktivitetane vil gå føre seg i 1. etg.

VilVite har med fleire interaktive installasjonar / aktivitetar, som utfordrar og engasjerer heile familien – akkurat som på VilVite.

Lesekrok v/Bjørnafjorden bibliotek

Skaparstovo: sjekk ut Skaparstovo sine spennande aktivitetar! Dei har mellom anna med seg sin 3D- printar, og du kan trykke di eiga T-skjorte eller button. Alle aktivitetane vil gå føre seg i Griegsamlingen, Hvelvet, Ervikane og Vargavågen.

Kunstomvisning v/kurator Jørgen Larsson

Utstilling: Measuring Our Time – Anne Marthe Dyvi
Vi måler tid, vi bekymrar oss for og feirar tid. Vi observerer tidas spor i hud og hår, i relasjonar, i naturen og kulturens gong. Vår kultur er fullstendig organisert og påverka av tid, utan at vi veit kva tid er. Kva er tid? I utstillinga ”Measuring Our Time” undersøkjer Anne Marthe Dyvi fenomena tid og natur ved hjelp av lys, materie og handling.

Husflidslaget
Os husflidslag har medlemmar i alle aldre. På Grendahuset kan barna få prøve å flettebinde snorer med kjegler.

Det er stor aktivitet i laget, med mellom anna handarbeidskafear, temamøter, kurs og studieringar. Dei har eige hus i Finnebrekka på Os. Ung husflid er ein aktivitet for born frå 3. klasse. Der får ein moglegheit til å lære å strikke, sy, spikke, veve og meir.

Leikekrok - heilt skjermfri!

Velkomen til Grendahuset på Oseana!

Andre datoar for Grendahuset i vår er:
4. og 25. mai.

Grendahuset er sponsa av Grieg Foundation.