Grendahuset

Grendahuset

Velkomen til Grendahuset!

Noko av det mest verdifulle Oseana kan gjere i dag, er å samle menneske i alle aldre, med all slags bakgrunn, for å oppleve ting saman. Spele, leike, lære, og ikkje minst dele eit godt måltid.
Du er med dette invitert!

Grendahuset er eit prosjekt der vi vil samla familiar, einslege, vener og naboar til eit godt måltid i restauranten – ein heilt vanleg onsdag. I tillegg kan barn og ungdom få leksehjelp, det blir samtalar og foredrag, teiknekurs og andre spennande aktivitetar. Alt inkludert for ein hundrelapp.

4. mai er tredje gong Grendahuset vert arrangert.

14:00 - 16:30 Leksehjelp i foajé – eller berre slappe av med vener etter skulen.
16.30 - 17.30 Pasta med kylling og grønsaker i krema saus.
17:15 - 17:45 Middagspraten med dagens gjest, marinbiolog Gaute Wilhelmsen Seljestad
- om livet i havet og kva det tyder for oss.
17:15 - 20:00 Aktivitetar

LEKSEHJELP
Her er barna velkomen til å stikke innom etter skulen. Dei treng ikkje å vise billett, dette er gratis for alle. Leksehjelpen er ferdig rett før middag kl. 16:30. Du som forelder kan stressa ned etter jobb, og møte barna på Oseana til ferdig middag.

MIDDAG
Blir servert i restaurant, ved framvisning av billett.

MIDDAGSPRATEN
Ein uformell prat med ulike gjester over forskjellige tema. Kanskje det blir ein samtale med fleire rundt bordet?
Kveldens gjest er marinbiolog Gaute Wilhelmsen Seljestad frå Lei ein biolog.

AKTIVITETAR
Aktivitetane vil gå føre seg i 1. etg.

Lei en biolog / Passion for Ocean: Marinbiolog Gaute Wilhelmsen Seljestad
Har du nokon gong lurt på kva som kravlar, kryp og sym rundt i det store blå-grøne vatnet me kallar havet? Eller kvifor det som hender «nedi der» er så viktig for oss her oppe på land?

Bli med marinbiolog Gaute Wilhelmsen Seljestad frå Lei en Biolog på ei oppdagingsferd ned under havoverflata, utanfor kysten vår, når han held føredraget «Kva er greia med havet?». Kanskje tek han oss også med ned i fjøra, der vi kan få helse litt nærare på nokre av dei som lev rett utanfor bryggekanten?

Teikne- og målekurs v/kunstnar Inga S. Søreide.
Inga er kunstnar, samt lærar ved Bjørnafjorden kulturskule. Du kan lese meir om henne her: http://ingassoreide.com/

Lesekrok v/Bjørnafjorden bibliotek. Biblioteket kjem med sin barne- og undomsbibliotekar, som tek med seg eit stort utval av deira bøker.

Skaparstovo: sjekk ut Skaparstovo sine spennande aktivitetar! Dei har mellom anna med seg sin 3D- printar, og du kan trykke di eiga T-skjorte eller button.

Os husflidslag – prøv flettebinding av snorer med kjegler.

Husflidslaget har medlemmar i alle aldre. Det er stor aktivitet i laget, mellom anna med handarbeidskafé, temamøter, kurs og studieringar. Ung husflid er ein aktivitet for barn fra 3. klasse. Der kan ein lære å strikke, sy, spikke, veve osb.

Kunstomvisning v/kurator Jørgen Larsson
Jubileumsutstilling: GENERASJONAR
Oseana feirar 10+1 år og Grieg Foundation fyller 20 år. Då må det sjølvsagt bli jubileumsutstilling! Du kan lese meir om utstillinga her: https://www.oseana.no/event/generasjonar/

Leikekrok - heilt skjermfri!

Alle aktivitetane vil gå føre seg i Griegsamlingen, Hvelvet, Ervikane og Vargavågen.

Velkomen til Grendahuset på Oseana!

Neste dato for Grendahuset er:
25. mai.
Grendahuset er sponsa av Grieg Foundation.