Grendahuset

Grendahuset

Velkomen til Grendahuset!

Noko av det mest verdifulle Oseana kan gjere i dag, er å samle menneske i alle aldre, med all slags bakgrunn, for å oppleve ting saman. Spele, leike, lære, og ikkje minst dele eit godt måltid.
Du er med dette invitert!

Grendahuset er eit prosjekt der vi vil samla familiar, einslege, vener og naboar til eit godt måltid i restauranten – ein heilt vanleg onsdag. I tillegg kan barn og ungdom få leksehjelp, det blir samtalar og føredrag, teiknekurs og andre spennande aktivitetar. Alt inkludert for ein hundrelapp.

25. mai er fjerde gong Grendahuset vert arrangert.

16.30 - 17.30 Middag blir servert i restauranten: Veganburger med søtpoteter.
17:00 - 17:30 Middagspraten med dagens gjest, ordførar Trine Lindborg
17:30 - 20:00 Aktivitetar

OBS: Leksehjelp utgår denne gongen (plar vere frå kl. 14:00 – 16:30). Barna må likevel gjerne kome og spele spel, lese og vere saman frå kl. 14:00. Vi har vaksne tilstades.

MIDDAG
Blir servert i restaurant, ved framvisning av billett.

MIDDAGSPRATEN
Ein uformell prat med ulike gjester over forskjellige tema. Kanskje det blir ein samtale med fleire rundt bordet? Kveldens gjest er ordførar Trine Lindborg.

Trine Lindborg
(Ap) er ordførar i Bjørnafjorden kommune. Ho er fødd i 1965, oppvaksen i Banktjørnhaugen i Os og busett på Osøyro. Ho er gift og har to barn, to bonusbarn, eitt barnebarn og fire bonusbarnebarn.

Lindborg har deltidsutdanning frå NHH og BI, i tillegg til petroleumslogistikk ved Høgskulen i Molde. Før ho blei vald til den første ordføraren i Bjørnafjorden kommune, jobba ho som senior boreforsyningsansvarleg hos Equinor.

– Det viktigaste for meg er å vere open, ærleg og tilgjengeleg. Eg ønskjer å vere ein raus og inkluderande ordførar. Ein ordførar som har respekt for at andre har eit anna syn enn meg, og som likevel lyttar. Eg håpar også at eg er ein ordførar som folk har tillit til, sjølv om dei ikkje alltid er samde med meg, seier ho.

AKTIVITETAR
Aktivitetane vil gå føre seg i 1. etg.

Skaparstovo: sjekk ut Skaparstovo sine spennande aktivitetar! Dei har mellom anna med seg sin 3D- printar, og du kan trykke di eiga T-skjorte eller button.

Os husflidslag – prøv flettebinding av snorer med kjegler.
Husflidslaget har medlemmar i alle aldre. Det er stor aktivitet i laget, mellom anna med handarbeidskafé, temamøter, kurs og studieringar. Ung husflid er ein aktivitet for barn fra 3. klasse. Der kan ein lære å strikke, sy, spikke, veve osb.

Kunstomvisning v/kurator Jørgen Larsson
Jubileumsutstilling: GENERASJONAR

Teikne- og målekurs v/kunstnar Inga S. Søreide.
Inga er kunstnar, samt lærar ved Bjørnafjorden kulturskule. Du kan lese meir om henne her: http://ingassoreide.com/

Leikekrok - heilt skjermfri!

Alle aktivitetane vil gå føre seg i Griegsamlingen og restauranten.

Velkomen til Grendahuset på Oseana!

Neste dato for Grendahuset er:
7. september
Grendahuset er sponsa av Grieg Foundation.