Grendahuset

Grendahuset

Velkomen til Grendahuset!

Noko av det mest verdifulle Oseana kan gjere i dag, er å samle menneske i alle aldre, med all slags bakgrunn, for å oppleve ting saman. Spele, leike, lære, og ikkje minst dele eit godt måltid.
Du er med dette invitert!

Grendahuset er eit prosjekt der vi vil samla familiar, einslege, vener og naboar til eit godt måltid i restauranten – ein heilt vanleg onsdag. I tillegg kan barn og ungdom få leksehjelp, det blir samtalar og foredrag, teiknekurs og andre spennande aktivitetar. Alt inkludert for ein hundrelapp.

PROGRAM

14:00 - 16:30
Leksehjelp i foajé – eller berre slappe av med vener etter skulen.

16.30 - 17.30
Middag i restauranten. Dagens meny: Heimelaga fiskepinnar med potetmos, salat og remulade.

17:15 - 17:45
Middagspraten med dagens gjest, som er Anne Solberg Andersson. Vi snakkar om korleis vi saman kan gjere bygdas ungdommar rause og robuste. Sjå meir i tekst under.

17:15 - 20:00
Aktivitetar

LEKSEHJELP
Her er barna velkomne til å stikke innom etter skulen. Dei treng ikkje å vise billett, dette er gratis for alle. Leksehjelpen er ferdig rett før middag kl. 16:30. Du som forelder kan stressa ned etter jobb, og møte barna på Oseana til ferdig middag.

MIDDAG
Blir servert i restaurant, ved framvising av billett.

MIDDAGSPRATEN
Ein uformell prat med ulike gjester over forskjellige tema. Kveldens middagsgjest er Anne Solberg Andersson.

Anne har arbeida med ungdom i heile sitt arbeidsliv, som lærar på Os ungdomskule, som ungdomskonsulent i kommunen, og no som avdelingsleiar på Os ungdomskule. Ho har vore med å bygge opp og opne Ung Arena Bjørnafjorden, eit hjelpetilbod og ein møteplass for ungdom mellom 13-20 år. Ho brenn for førebygging, og det å bygge ungdom til å bli robuste, rause menneske.

Mange unge har nett byrja på ny skule, med nye vener og klassekameratar, nye vaksne, og nye rutinar. Samstundes er dei «under ombygging», midt i dei utfordrande tenåra. Korleis kan vi som bygd, medmenneske og føresette bidra til at våre unge får ein best mogleg skulestart, og blir nettopp robuste og rause menneske?

Bakteppet er det gamle afrikanske uttrykket «Det tek ein heil landsby å oppdra eit barn», som omtalar ein filosofi om at alle barn er alles ansvar. Vi må våge å engasjere oss, Det kan vere vanskeleg, og mange av oss tenkjer at det lille vi kan bidra med, ikkje monnar likevel – og vi lar difor vere å bry oss. Andre gangar lar vi vere fordi vi er redde for at vi tar feil, eller fordi vi trur det kan gjere vondt verre.

AKTIVITETAR
Aktivitetane vil gå føre seg i 1. etg.

Teikne- og målekurs v/kunstnar Inga S. Søreide.
Inga er kunstnar, samt lærar ved Bjørnafjorden kulturskule. Du kan lese meir om henne her: http://ingassoreide.com/

Skaparstovo: sjekk ut Skaparstovo sine spennande aktivitetar! Dei har mellom anna med seg sin 3D- printar, og du kan trykke di eiga T-skjorte eller button.

Kunstomvisning v/kurator (startar etter middagspraten):
Høyr meir om den nye utstillinga i Hvelvet: Gunhild Sannes - Malerier
https://www.oseana.no/event/gunhild-sannes-malerier/

Vi har også leikekrok med brettspel og anna gøy.