Grendahuset

Grendahuset

Velkomen til Grendahuset!

Noko av det mest verdifulle Oseana kan gjere i dag, er å samle menneske i alle aldre, med all slags bakgrunn, for å oppleve ting saman. Spele, leike, lære, og ikkje minst dele eit godt måltid.
Du er med dette invitert!

Grendahuset er eit prosjekt der vi vil samla familiar, einslege, vener og naboar til eit godt måltid i restauranten – ein heilt vanleg onsdag. Her er rom for den gode samtala, leik og nye bekjentskap. Alt inkludert for ein hundrelapp.

PROGRAM

16.30 - 17.30
Middag i restauranten. Kyllingspyd med steikt ris og grønsaker.

17:15 - 17:45
Middagspraten med dagens gjest, kommunedirektør Christian Fotland.

17:15 - 20:00
Aktivitetar

MIDDAG
Blir servert i restaurant, ved framvising av billett.

MIDDAGSPRATEN
Ein uformell prat med ulike gjester over forskjellige tema. Kanskje det blir ein samtale med fleire rundt bordet? Dagens gjest er kommunedirektør Christian Fotland.

AKTIVITETAR
Aktivitetane vil gå føre seg i 1. etg., samt at det vil vere bordtennisbord og fotballspel i foajéen.

Skaparstovo: sjekk ut Skaparstovo sine spennande aktivitetar! Dei har mellom anna med seg sin 3D- printar, og du kan lage buttons eller trykk på di eiga T-skjorte. Ta gjerne med ei T-skjorte du vil trykke på.

Os husflidslag – få tips og triks frå husflidslaget.
Husflidslaget har medlemmar i alle aldre. Det er stor aktivitet i laget, mellom anna med handarbeidskafé, temamøter, kurs og studieringar. Ung husflid er ein aktivitet for barn fra 3. klasse. Der kan ein lære å strikke, sy, spikke, veve osb.

Kunstomvising v/kurator.
Gunnhild Sannes: Malerier
Griegsamligen: Utdrag frå samlinga

Det blir også leikekrok og brettspel for dei som vil.