Grendahuset

Grendahuset

Grendahuset
Velkomen til Grendahuset!

Noko av det mest verdifulle Oseana kan gjere i dag, er å samle menneske i alle aldre, med all slags bakgrunn, for å oppleve ting saman. Spele, leike, lære, og ikkje minst dele eit godt måltid.
Du er med dette invitert!

Grendahuset er eit prosjekt der vi vil samla familiar, einslege, vener og naboar til eit godt måltid i restauranten – ein heilt vanleg onsdag. I tillegg kan barn og ungdom få leksehjelp, det blir samtalar og foredrag, teiknekurs og andre spennande aktivitetar. Alt inkludert for ein hundrelapp.

4 datoar er klare for vårens Grendahus, og første program 23. februar ser slik ut:

14:00 - 16:30 Leksehjelp i foajé UTGÅR PGA KORONA. Vi har bordtennisbord og ein kan slappe av med vener etter skulen.
16.30 - 17.30 Roalds heimelaga lasagne
17:15 - 17:45 Middagspraten med dagens gjestar, Eirik André Hesthamar og Tove Hille. Tema er frivillighet.
17:15 - 20:00 Aktivitetar

LEKSEHJELP UTGÅR PGA KORONA
Her er barna velkomen til å stikke innom etter skulen. Dei treng ikkje å vise billett, dette er gratis for alle. Leksehjelpen er ferdig rett før middag kl. 16:30. Du som forelder kan stressa ned etter jobb, og møte barna på Oseana til ferdig middag.

MIDDAG
Blir servert i restaurant, ved framvisning av billett.

MIDDAGSPRATEN
Ein uformell prat med ulike gjester over forskjellige tema. Kanskje det blir ein samtale med fleire rundt bordet?

AKTIVITETAR
Aktivitetane vil gå føre seg i 1. etg.

Teikne / målekurs v/Inga Søreide. Inga er kunstnar, samt lærar ved Bjørnafjorden kulturskule. Du kan lese meir om henne her: http://ingassoreide.com/

Lesekrok v/Bjørnafjorden bibliotek UTGÅR PGA KORONA

Skaparstovo: sjekk ut Skaparstovo sine spennande aktivitetar! Dei har mellom anna med seg sin 3D- printar, og du kan trykke di eiga T-skjorte eller button. Alle aktivitetane vil gå føre seg i Griegsamlingen, Hvelvet, Ervikane og Vargavågen.

Kunstomvisning v/kurator Jørgen Larsson

Os Frivilligsentral kjem og informerer om sitt arbeid.

Os Husflidslag
Perlearbeid, bunadsskjorte, strikkstøy, rokk, handtein, nuppereller, hakking, vev og meir.

Leikekrok - heilt skjermfri!

Velkomen til første Grendahuset på Oseana!

Andre datoar for Grendehuset i vår er:
30. mars, 4. mai og 25. mai.