Få bill.Hellbillies – 30 år på vegen

Hellbillies – 30 år på vegen

Hellbillies må kunne kallast ein institusjon i norsk kulturliv, og no vil bandet markere sine første 30 år med ein stor jubileumsturné.

I løpet av nokre månader vil dei besøke alle dei største kulturhusa i landet. Tanken med denne spesielle konsertturnéen er å kunne møta sitt trofaste publikum, for saman å sjå tilbake på dei 30 åra som har gått, og kanskje også kaste eit lite blikk framover ved å presentere nytt materiale.

I løpet av sine 30 år på vegen har Hellbillies vore ein stødig leverandør av perler til den norske songskatten, samstundes som dei har opparbeida seg ein status som eit av vår tids mest vitale rockeband. Denne konserten er for eit sitjande og lyttande publikum, og vil ha éin akustisk og éin elektrisk avdeling. Bandet gledar seg veldig til å kunne møte sitt publikum på denne måten.


Middag før framsyninga?
For meny og bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40

For rullestolplass, ring 917 50 231