UtseldJuleshow 2021

Juleshow 2021

Ikkje engong ein pandemi kan stoppe heile Noregs Øivind Blunck! Med eit skikkeleg stjernelag i «Juleshow 2021», blir dette eit heilt nytt show. Det blir både latter og glede, tårer og gåsehud når Øivind Blunck, Tor Endresen og Reidun Sæther inntek scenen, med sjølvaste Tangent 007 – «Beat for beat»-legenda Trond Dahl – på pianokrakken.

Som om ikkje dette er magisk nok i seg sjølv, er også tryllekunstnar og illusjonist Erling Solland med på laget. God jul!