Kino: Bullet Train

Kino: Bullet Train

I "Bullet Train" går Brad Pitt under namnet Ladybug, ein uheldig leiemordar som er fast bestemt på å gjennomføre sitt nye oppdrag på ein fredeleg måte, etter at den forrige jobben spora heilt av. Skjebnen har derimot andre planar, og Ladybugs oppdrag sender han på kollisjonskurs med dødelege motstandarar frå heile verda - alle med samanfallande, men motstridande mål - om bord på verdas raskaste tog ... og han må finne ut korleis han skal komme seg av. Siste stopp er kun begynnelsen i denne ville, ustoppelege spenningsturen gjennom det moderne Japan, i den nye filmen fra regissøren av "Deadpool 2", David Leitch.

Premiere: 05.08.2022
Skodespelarar: Brad Pitt, Joey King, Aaron Taylor-Johnson, Brian Tyree Henry, Andrew Koji, Hiroyuki Sanada
Sjanger: Action / Komedie / Thriller
Regi: David Leitch
Nasjonalitet: USA
Aldersgrense: 15 år
Denne actionfilmen inneheld fleire blodige draps- og valdsskildringar. Den får difor aldersgrense 15 år.
Språk: engelsk
Produksjonsår: 2022
Distributør: SF Norge
Filmen varer 2 t. og 6 min.