Kino: Crimes of the future
Legendariske David Cronenberg sitt nye horror-meisterverk er endeleg her.Nominert til Palme d`Or under årets filmfestival i Cannes.
David Cronenberg står bak andre meisterverk som The Fly, Crash, Eastern Promises, A History of Violence og Deadringers.
Filmen har ei fantastisk rollebesetning:
Viggo Mortensen (Ringenes Herre, Eastern Promises, Green Book)
Lèa Seydoux (Blå er den varmeste fargen, No Time to Die, En Vakker Morgen, Midnight in Paris)
Kristen Stewart (The Twilight Saga, Spencer, Charlies Angels)
Verda har endra seg til ei syntetisk verd der menneske har transformert og mutert. I filmen møter me ein gjeng med performancekunstnare som utfører metamorfose på publikum for å visa utviklinga av organa offentleg fram i ei avantgardeframsyning.
Premiere: 04.11.2022
Skodespelarar: Viggo Mortensen, Lèa Seydoux, Kristen Stewart, Scott Speedman, Lihi Kornowski
Sjanger: Skrekkfilm
Regi: David Cronenberg
Nasjonalitet: USA
Aldersgrense: 18 år
Denne filmen har ein svært forstyrrande tematikk som knyter seksuell opphissing til selvskading og det å påføra andre skade. Filmen inneheld detaljerte skildringar av dissekering og operasjon av våkne menneske og ein nærgåande obduksjon av eit barn som performancekunst. Filmen får derfor aldersgrense 18 år.
Språk: engelsk
Produksjonsår: 2022
Distributør: Another World Entertainment
Filmen varer 1 t 47 min.