Kino: Dune

Kino: Dune

Ei mytisk og kjenslelada heltereise. DUNE fortel historia om Paul Atreides, ein ung mann med mystiske evner og profetiske visjonar. Han er meint til å bli leiar for å gjenopprette freden mellom dei stridande adelsfamiliane, som i generasjonar har kjempa om makta for å kontrollere verdas mest dyrebare ressurs - eit verdifullt krydder som kan forlenge livet. Når ondskapsfulle krefter eksploderer i konflikt om eineretten til tilgangen på krydderet, må Paul stå imot farar og ondsinna planar mot han, for å sikre framtida for familien og folket hans. Han må våge seg inn i ei verd der berre dei som kan overvinne frykta, vil overleve.

Aldersgrense: 12 år
Denne filmen har parti med kamphandlingar og intense action-scener. I tillegg er det enkelte draps- og valdsskildringar. Då desse går føre seg i eit ikkje-realistisk science fiction-univers, får filmen 12-årsgrense.

Premiere: 15.09.2021
Skodespelarar: Rebecca Ferguson, Zendaya, Timothée Chalamet, Josh Brolin, Stellan Skarsgård, Dave Bautista, Jason Momoa, Javier Bardem
Sjanger: Eventyr / Drama / Sci-Fi
Regi: Denis Villeneuve
Nasjonalitet: USA
Språk: engelsk
Produksjonsår: 2020
Distributør: SF Norge