Kino: Frøyas eventyr

Kino: Frøyas eventyr

Frøya, ei lita foreldrelaus jente, bur på gatene i byen Roc-en-Brume. Saman med sine tre tamme røyskattar, overlever ho ved å stjele mat frå slottet til den skumle regenten Tristain, som har rana til seg trona. Ein vakker dag, for å sleppe unna vaktane som jagar henne, kler Frøya seg ut som ei prinsesse. Dette blir byrjinga på eit ellevilt oppdrag for å redde Roland, den rettmessige tronarvingen som er blitt forheksa og forvandla til ein ... kattehane (halvt katt, halvt hane).
Bli med på eit eventyr som vil snu opp ned på heile kongeriket, og lære Frøya at det finst ein kongeleg i oss alle.

Premiere: 11.02.2022
Originaltittel: The Adventures of Pil
Norske stemmer: Anders Bye, Bjørn E. Aasland, Lucas Holter, Sidney Lange, Scott Maurstad, m.fl.
Sjanger: Animasjon / Familiefilm / Barnefilm
Regi: Julien Fournet
Nasjonalitet: Frankrike
Aldersgrense: 6 år
"Flere dramatiske scener med enkelte nifse elementer gjør at denne eventyrfilmen får aldersgrense 6 år."
Språk: norsk
Produksjonsår: 2021
Distributør: Another World Entertainment
Filmen varar i 1 t. og 29 min.