Kino: Full dekning

Kino: Full dekning

Full dekning er ein komedie om kvite løgner, mørke hemmelegheiter og oransje vin.

I Full dekning møtast ein venegjeng med partnarar til sin årlege viltmiddag, men akkurat denne kvelden skal utvikle seg i ei retning ingen av dei hadde sett føre seg, og ingen vil gløyme.

Det startar som ein uskyldig selskapsleik kor alle legg telefonen sin på bordet, slik at innkomande meldingar og anrop er sams eige resten av kvelden. Det tek ikkje lang tid før den første, avslørande meldinga tikkar inn. Før kvelden er over skal både pinlege løgner og små og store hemmeligheiter om venskap, kjærleik og samliv fram i lyset.

For kor godt kjenner dei kvarandre eigentleg? Vil noko nokonsinne bli som før?

Premiere: 25.02.2022
Skodespelarar: Thorbjørn Harr, Agnes Kittelsen, Nicolai Cleve Broch, Ellen Birgitte Winther, Kyrre Hellum, Sara Khorami, Jan Gunnar Røise.
Regi: Arild Andresen
Nasjonalitet: Nore
Aldersgrense: 9 år
Denne filmen inneheld ei scene med ein stemning og eit kjensleutbrot som kan verke urovekkande på yngre barn. Den får difor aldersgrense 9 år.
Språk: norsk
Produksjonsår: 2021
Distributør: Nordisk Film Distribusjon