Kino: Helt Super

Kino: Helt Super

Du treng ikkje vere superhelt for å vere heilt super!

Hedvig har krympa pappas superheltdrakt, og no kan han ikkje lenger vere byens Superløve. Typisk Hedvig, som er ganske så klønete og mest glad i å game. Men når pappa vel sterke og suverene fetter Adrian til å bli den nye superhelten, berre MÅ Hedvig ta opp kampen.

Bli med på ei kaotisk, actionfyld og humoristisk jakt på superløvetittelen!

Qvisten Animation blei etablert i 1994 og er i dag Skandinavias største animasjonsstudio. Qvisten har produsert, co-produsert og stått bak animasjonen i meir enn 20 prislønte spelefilmer, deriblant Dyrene i Hakkebakkeskogen, Flåklypa-filmene og Kaptein Sabeltann og den magiske diamant.

Premiere: 30.09.2022

Skodespelarar: Tobias Santelmann, Hennika Eggum Huuse, Kari Simonsen, Atle Antonsen, Desta Marie Beeder, Line Verndal, Henriette Marø, Johannes Kjærnes, Todd Bishop Monrad Vistve
Sjanger: Animasjon / Familiefilm / Superheltfilm
Regi: Rasmus A. Sivertsen
Nasjonalitet: Norge
Språk: norsk
Distributør: Nordisk Film Distribusjon

Aldersgrense: 6 år
Denne filmen inneheld enkelte dramatiske scener. Då desse er kortvarige og går føre seg i eit tydeleg animert univers, får filmen aldersgrense 6 år.

Filmen varer 1t 16 min.