Kino: Krigsseileren
KRIGSSEILEREN er eit storslått drama som fortel historia om dei over 30.000 norske krigsseglarane og deira familiars skjebne under og etter andre verdskrig.Vi følgjer sjømannen Alfred, gift med Cecilia og nybakt trebarnsfar frå Bergen. Når andre verdskrig bryt ut, er han og barndomskameraten Sigbjørn på jobb på eit handelsskip midt ute i Atlanterhavet. Dei blir tvungne til å fortsetje å segle i fronten av ein krig dei ikkje har bede om, i sivil og utan våpen. Heime i Bergen strevar Cecilia med å klare seg, og å ta vare på dei tre barna i eit okkupert land.
Alfred og Sigbjørn kjempar for å overleve i ein nedadgåande spiral av vald og død. Tyske ubåtar kan når som helst angripe skipet, som er lasta med materiell som er nødvendig for dei allierte si krigsinnsats. Krigsseglarane har eitt mål: Å overleve – for å kome heim.
Korleis held ein fram livet og relasjonane når ein har vore ådskild i mange dramatiske krigsår? Kan såra bli lega og gro?
REGISSØR OG MANUSFORFATTAR GUNNAR VIKENE OM FILMEN: "KRIGSSEILEREN er laget for å gi nærhet til krigsseilernes innsats og hvilket offer de og deres familier gjorde under andre verdenskrig. Det er nødvendig for å sette i perspektiv den uretten krigsseilerne ble utsatt for etter krigen. Filmen er ment som et minnesmerke over 30.000 norske krigsseilere"
Premiere: 23.09.2022
Skodespelarar: Kristoffer Joner, Pål Sverre Hagen, Ine Marie Wilmann
Sjanger: Drama / Krigsfilm
Regi: Gunnar Vikene
Nasjonalitet: Norge
Språk: norsk
Produksjonsår: 2022
Distributør: Ymer Media