Kino: Minions – Historien om Gru

Kino: Minions – Historien om Gru

Minions er endeleg tilbake!
Denne gongen får du sjå korleis dei traff sin grufulle sjef, Gru.

På 1970-talet møter vi 12 år gamle Gru, som veks opp i ein fredeleg forstad. Han er ein ekte fanboy av gruppa kjend som «Sekserbanden», og vil gjere alt for å få bli eit medlem. Etter eit hardt avslag på sitt forsøk, blir situasjonen forverra når Gru stel ein dyrebar stein frå gjengen. Saman med Kevin, Stuart, Otto og mange andre Minions må Gru få hjelp for å sleppe unna den ondskapsfulle gjengen.

Minions: Historien om Gru er fylt med slengbukser, rare sveisar, kule bartar og masse disco! Eit actionfylt periodestykke, med andre ord.

Premiere: 01.07.2022
Originaltittel: Minions: The Rise Of Gru
Skodespelarar: Steve Carell, Pierre Coffin, Taraji P. Henson, Jean-Claude Van Damme, Michelle Yeoh, Dolph Lundgren, Danny Trejo, RZA
Norske stemmer: Alex Rosén, Bjørn Skagestad, Judy Simone Nyambura Karanja, Katrine Blomstrand, Christoffer Staib, Kari-Ann Grønsund, Ida Lind, Tommy Karlsen Standum, Per Christian Ellefsen
Sjanger: Animasjon / Familiefilm
Regi: Kyle Balda, Brad Ableson
Nasjonalitet: USA
Språk: engelsk
Produksjonsår: 2020
Distributør: United International Pictures
Aldersgrense: 6 år
Filmen varer 1 t. 27 min.