Kino: Nattebarn

Kino: Nattebarn

Hausten 2017 står Petter på toppen av ei bru, klar til å avslutte livet. Han blir stoppa av politiet i siste liten. For å halde dei mørke og vonde tankane på avstand, bestemmer han seg for å lage film saman med bestekompisen Sverre. Nattebarn er ein ekte,?ra? og usminka film om a? velge livet.?

Petter og Sverre vil møte andre som slit, og tar med seg kamera ut i Oslos nattetimar. Utstyrt med ei god dose naivitet og spontanitet, ender dei opp i konfliktfylde og uforutsigbare situasjonar saman med karakterane som etterkvart blir ein del av filmen. Dette set også i gong ein terapeutisk prosess for Petter, og han kjenner seg etterhvart mindre åleine og meir i kontroll over kaoset han har inni seg.

Regissørane Petter Aaberg (27) og Sverre Kvamme (25) debuterer med ein film som er unik fordi den lar publikum oppleve angst og skam på kloss hald, og den lar oss samstundes få vere med på ein transformativ prosess. Når Petter er i ein skapingsprosess med filmen og møter andre unge menneske som slit, klarar han å tenkje meir konstruktivt, og tankane og livet hans blir litt lysare.

MED REGISSØRBESØK
Møt medregissør Sverre Kvamme frå Strandvik til samtale i etterkant av filmvisninga. Varer ca 30 min.

Premiere: 24.09.2021
Skuespillere: Petter Aaberg, Sverre Kvamme, Miriam Øyna, Emma, Monica, Oliver, Cormelia
Sjanger: Dokumentar
Regi: Sverre Kvamme, Petter Aaberg
Nasjonalitet: Norge
Aldersgrense: 15 år
Denne filmen har sjølvmord som tematikk, og inneheld scenar med rusmisbruk og seksuelle handlingar som kan verke forstyrrande på barn. Den får difor aldersgrense 15 år.
Språk: norsk
Produksjonsår: 2021
Distributør: Indie Film