Kino: Nordsjøen

Kino: Nordsjøen

Lille julaftan 1969 annonserte den norske regjeringa ein nyheit som skulle forandre Noreg for alltid.
Dagen markerte starten på Noregs oljealder og eit økonomisk eventyr utan sidestykke.

I den nye storfilmen NORDSJØEN tar det norske oljeeventyret ei dramatisk vending. Ei oljeplattform
går plutseleg ned utanfor Ormen Lange-feltet. Forskarane søkjer desperat å finne løsninga på den
tilsynelatande uforklarlege hendinga. Noreg held pusten når det viser seg at ulykka berre er
starten på noko som skal bli veldig mykje meir alvorleg. Eit menneskeleg drama på liv og død er i gong,
idet tusenvis av oljearbeidarar plutseleg er fanga på plattformer over heile Nordsjøen.
Noregshistoriens største redningsaksjon er eit faktum.

Midt i dette kaoset står Sofia (Kristine Kujath Thorp). Ho er ein ung gründer som jobbar med
svært avanserte undervatnsrobotar. Saman med kollega Arthur (Rolf Kristian Larsen) må ho
risikere alt i ein desperat kamp mot klokka, då det viser seg at Sofias kjæreste er fanga i ein øydelagd
plattform djupt under den frådande havoverflata.

NORDSJØEN er ein ny storproduksjon frå Fantefilm, som tidlegare har produsert katastrofefilmane
SKJELVET og BØLGEN.

Manusforfattarar er Harald Rosenløw Eeg og Lars Gudmestad, som til saman står bak
nokre av dei største filmane i norsk filmhistorie, med mellom anna Hodejegerne, Buddy, Den største
forbrytelsen, Kongens Nei, Skjelvet og Bølgen.

Regissør er John Andreas Andersen, som også hadde regi på storfilmen Skjelvet. Andersen er både
filmfotograf og regissør. Han har vunnet Kanonprisen heile fire gongar for beste foto. Han hadde regi
på to episodar av Okkupert (2015) og co-regi på Kaptein Sabeltann og skatten i Lama Rama (2014) og
Uno (2004).

Sjanger: Action / Drama / Katastrofe
Regi: John Andreas Andersen
Manus: Lars Gudmestad og Harald Rosenløw Eeg
Produsent: Martin Sundland, Catrin Gundersen – Fantefilm Fiksjon AS
Cast: Kristine Kujath Torp, Rolf Kristian Larsen, Henrik Bjelland, Anders Baasmo, Bjørn Floberg,
Anneke von der Lippe, Ane Skumsvoll, Cengiz Al.
Premiere: 29.10.2021

Lengde: 1 time 45 min
Aldersgrense: 12 år