Kino: Olsenbanden – siste skrik

Olsenbanden er tilbake slik som du hugsar dei! Nesten.

Oslo er blitt ein moderne by, men Egon, Benny og Kjell er stadig pa? jakt etter det store kuppet som skal gjere dei til millionærar. No har Egon lagt den perfekte plan: dei skal bryte seg inn i det nye Munchmuseet i Bjørvika og stjele «Skrik». Alt er taima og tilrettelagt, men det er også andre som har fått kjennskap til planane, og lovens lange arm, med Hermansen i spissen, gjer det dei kan for å stoppe banden.

Premiere: 02.09.2022
Skodespelarar: Anders Baasmo, John Carew, Elias Holmen Sørensen
Sjanger: Komedie / Familiefilm
Regi: Hallvard Bræin
Nasjonalitet: Norge
Språk: norsk
Distributør: Nordisk Film Distribusjon