Kino: Pus med støvler: Et siste ønske

Pus med støvler får sin etterlengta oppfylgjar etter 11 år.

Den høgt elska, fryktlause og mjølkedrikkande heltepusen returnerer, som eit ekte bevis på at legenda aldri døyr!
Men mange år med heltemodige erobringar og kampar slit på helsa, og Pus blir konfrontert med at han berre har eitt av sine ni liv igjen. Han får beskjed av doktoren om å leggje om livsstilen sin, og ta det med ro. Pus endar opp på eit kattepensjonat med mange andre altfor kattete kattar, noko som skapar ein enorm trang til å returnere til ein eventyrfylt kvardag. Klarar Pus å leve som den legenda han er, og samtidig bevare sitt siste liv?

Premiere: 09.12.2022
Originaltittel: Puss In Boots: The Last Wish
Skodespelarar: Antonio Banderas, Salma Hayek, Florence Pugh, Wagner Moura, John Mulaney, Olivia Colman
Norske røyster: Christoffer Staib, Mikkel Niva, Heidi Gjermundsen-Broch, Håvard Bakke, Jannike Kruse, Johannes Joner, Benedicte Søreng
Sjanger: Animasjon
Aldersgrense: Filmen er foreløpig ikkje klassifisert av Medietilsynet.
Regi: Joel Crawford
Nasjonalitet: USA
Språk: engelsk
Produksjonsår: 2021
Distributør: United International Pictures
Filmen varer 1 t 41 min.