
Kino: Rettferdighetens ryttere
Den utstasjonerte soldaten Markus må reise heim til tenåringsdotter si Mathilde, då kona hans døyr i ei tragisk togulykke. Tragedien verkar tilfeldig, heilt til matematikaren Otto dukkar opp med sine to eksentriske kollegaer Lennart og Emmenthaler. Otto var sjølv passasjer på ulykkestoget, og er overtydd om at dette var planlagd og at nokon må stå bak. Etterkvart tyder alt på at det faktisk var eit nøyaktig regissert attentat, som hans kone tilfeldig blei offer for. Markus bestemmer seg for å ta affære på eigenhand.Anders Thomas Jensens (“Adams epler”, “Blinkende lykter”) nye film er ein moderne komedie om kameratskap, maskingevær, matematikk, dansk gla’vold og filosofering om sjølve livet.
Premiere: 02.07.2021
Skodespelarar: Mads Mikkelsen, Nikolaj Lie Kaas, Andrea Heick Gadeberg, Lars Brygmann, Nicolas Bro
Sjanger: Action / Komedie / Drama
Regi: Anders Thomas Jensen
Nasjonalitet: Danmark
Aldersgrense: 15 år
Denne mørke actionkomedien inneheld fleire nærgående og brutale volds- og drapsskildringar. Den får difor aldersgrense 15 år.
Språk: dansk
Produksjonsår: 2020
Distributør: Nordisk Film Distribusjon
Varer 1 t 56 min