Kino: Si ingenting
Rapartisten Kamelen har dei siste åra blitt kjendis i Noreg. Sjølvsagt på grunn av musikken, men ikkje minst på grunn av ein røff livsstil og fleire møte med politiet.I kinofilmen SI INGENTING blir vi kjend med Marcus, mennesket bak artistnamnet Kamelen. Gjennom ærlege augeblikk, spenstige verkemiddel og eit fett lydbilete får vi oppleve begge sidene av hans personlegdom: Samfunnsborgaren med profesjonell artistkarriere og livet på stell, og den andre Marcus, han som lar ADHD’en få utløp gjennom å pushe alle grenser.
Etter kvart som karrieren tar av og fanskaren veks, er han tvungen til å ta stilling til spørsmålet: Er det mogleg å leve eit liv med den eine foten i ei kriminell kjerne, og med den andre i det normale samfunn, eller må han velje side?
Premiere: 26.08.2022
Skodespelarar: Marcus Kabelo Møll Mosele, Leo Ajkic m.fl
Sjanger: Dokumentar
Regi: Rolv Lyssand Bjørø
Nasjonalitet: Norge
Aldersgrense: 9 år
Denne filmen inneheld enkelte scenar med rus og våpen, som kan virke urovekkjande på yngre barn. Den får difor aldersgrense 9 år.
Språk: norsk
Produksjonsår: 2022
Distributør: Norsk Filmdistribusjon
Varer 1 time 22 min
Regissør Rolv Lyssand Bjørø er til stades under visninga i Oseana.