Kino: Snødronningen

Kino: Snødronningen

Basert på H.C. Andersens kjende eventyr

Ei natt sender den onde Snødronningen Nordavinden feiande mot byen. Ho vil fryse verdas siste trollmann til is, og røve han bort.

Trollmannens familie mistar kvarandre i den isnande stormen. Fleire år seinare får trollmannens modige dotter, Gerda, vite at ho har ein bror, og at Snødronningen har bortført han og! Gerda legg ut på ei farefull ferd for å redde broren. Med seg har ho ein av farens magiske speglar, og ein hjelpar i form av trollet Orm. Kan spegelens magi hamle opp med dronningas iskalde krefter? Er verkeleg Orm på Gerdas side?

Aldersgrense: 6 år
Sjanger: Eventyr, Animasjon
Lengde: 76 min
Distribusjon: Manymore AS