Kino: Spider-Man – No Way Home

Kino: Spider-Man – No Way Home

For første gong i kinohistoria er identiteten til den venlege nabolagshelten Spider-Man avslørt, noko som fører ansvaret hans som superhelt i konflikt med kvardagslivet, og set dei han bryr seg mest om i fare. Når han ber om hjelp frå Doctor Strange til å gjenopprette hemmelegheita, riv trolldomen eit hol i verda, og slepp laus dei mektigaste fiendane Spider-Man nokon gong har kjempa mot – i noko univers. Peter må overkomme si største utfordring til no, noko som ikkje berre vil forandre hans eigen framtid, men også framtida til multiverset.

Premiere: 28.01.2022
Skodespelarar: Tom Holland, Zendaya, Benedict Cumberbatch, Jacob Batalon, Jon Favreau, Marisa Tomei, Tony Revolori, J.K. Simmons
Sjanger: Action / Eventyr / Superheltfilm
Regi: Jon Watts
Nasjonalitet: USA
Aldersgrense: 12 år
Filmen inneheld fleire intense actionscenar med kamphandlingar og vald. Desse går føre seg i eit fantasiunivers. Filmen får difor aldergrense 12 år.
Språk: engelsk
Produksjonsår: 2021
Distributør: SF Norge

Filmen varer 2 t. 28 min.