Kino: The Batman

Kino: The Batman

THE BATMAN er tilbake på det store lerretet, og denne er forventa å bli ein av årets store filmar. Vi gledar oss til å sjå Robert Pattinson bak Bat-maska. I Matt Reeves’ THE BATMAN spelar Robert Pattinson dobbeltrolla som Gotham Citys maskerte beskyttar og hans alter ego, einstøingen og milliardæren Bruce Wayne. Filmen er ei krysning mellom superheltfilm og ei kriminalsak som må løysast.

Batman har alltid vore ein populær superhelt. I filmen møter vi også Zoë Kravitz som spelar Catwoman (kjend frå suksess-serien Big Little Lies).

Vi møter Bruce Wayne (Batman) som ung voksen. Han avslører grov korrupsjon i Gotham City, som også inkluderer hans eigen familie. Samstundes kjempar han ein kamp mot ein seriemordar kalla for «The Riddler». Filmen gjev også eit innblikk i eit langvarig venskap mellom Bruce Wayne og Selina Kyle, som går under navnet Catwoman.

I tillegg til Pattinson (Tenet) møter vi Zoë Kravitz (Fabeldyr: Grindelwalds forbrytelser), Paul Dano (Love & Mercy), Jeffrey Wright (No Time to Die), John Turturro (Transformers), Peter Sarsgaard (The Magnificent Seven), Andy Serkis (The Rise of the Planet of the Apes) og Colin Farrell (The Gentlemen).

Premiere: 04.03.2022

Skodespelarar: Robert Pattinson, Zoë Kravitz, Colin Farrell, Andy Serkis, Paul Dano, Peter Sarsgaard

Sjanger: Action / Krim / Drama

Regi: Matt Reeves

Nasjonalitet: USA

Aldersgrense: 15 år

Denne filmen har ei gjennomgående mørk og utrygg stemning, og den inneheld fleire scener med brutale valdshandlingar. Filmen får difor aldersgrense 15 år.

Språk: engelsk

Distributør: SF Norge

Filmen varar i 2 timar og 56 min.