Kino: The Matrix Resurrections

Kino: The Matrix Resurrections

Frå den visjonære filmskaparen Lana Wachowski kjem "The Matrix Resurrections", det etterlengta neste kapittelet i franchisen som redefinerte ein heil sjanger. Den nye filmen fører igjen saman hovudrolleinnehavarar Keanu Reeves og Carrie-Anne Moss, i dei ikoniske rollane som Neo og Trinity.

I "The Matrix Resurrections" kan du returnere til ei verd med to verkelegheiter: éin, kvardagslivet; den andre, det som ligg bakanfor. For å finne ut om verkelegheita hans er ein fysisk eller mental konstruksjon, for verkeleg å kjenne seg sjølv, må Mr. Anderson velge å følgje den kvite kanina nok ein gong. Om Thomas (Neo) har lært noko som helst, så er det at dette valet fortsatt er den einaste vegen ut av - eller inn i - the Matrix. Neo veit allereie kva han må gjere. Det han ikkje veit, er at the Matrix er sterkare, sikrare og meir farleg enn nokon gong før. Déjà vu.

Premiere: 25.12.2021
Skodespelarar: Keanu Reeves, Carrie-Anne Moss, Yahya Abdul-Mateen II, Neil Patrick Harris, Jonathan Groff, Jada Pinkett Smith
Sjanger: Action / Sci-Fi
Regi: Lana Wachowski
Nasjonalitet: USA
Store mengdar actionvold og drapshandlingar gjer at denne filmen får aldersgrense 15 år
Språk: engelsk
Produksjonsår: 2021
Distributør: SF Norge

Varer 2 t 28 min
Aldersgrense: 15 år