Kino: Tre Nøtter til Askepott
Gjensyn med den storslagne nyinnspelinga frå 2021, av julas årlege nasjonaltradisjon. Bli med Askepott inn i snøtunge skogar, og opp på det gnistrande norske høgfjellet i hennar kamp mot den onde stemora. Astrid Smeplass spelefilmdebuterer i hovedrolla som Askepott. Med seg har ho eit stjernespekka og fargerikt skodespelarlag. Det blir eit heseblesande ritt, briljant bogeskyting og sjølvsagt – slottsball med vanvittige kjolar og ein solid porsjon magi.Regi: Cecilie Mosli
Skodespelarar: Astrid Smeplass, Cengiz Al, Thorbjørn Harr, Ellen Dorrit Petersen, Bjørn Sundqvist, Kristoffer Hivju, Nader Khademi, Anne Marit Jacobsen, Jonis Josef, Ingrid Giæver, Sjur Vatne Brean, Arthur Hakalahti, Nasrin Khusrawi
Produsent: Frederick P. N. Howard & Petter J. Borgli, Storm Films AS
Manus: Kamilla Krogsveen, Karsten Fullu, Anna Bache-Wiig og Siv Rajendram Eliassen
Manus er basert på filmen Tri orísky pro Popelku av Václav Vorlícek
Distribusjon: Nordisk Film Distribusjon
Sjanger: Barnefilm
Lengde: 1 time og 35 minutt
Aldersgrense: 6 år