Kino: Verdens verste menneske

Kino: Verdens verste menneske

Julie (Renate Reinsve) er snart 30 år. Ho har mange talent, men få resultat, og kjenner seg meir og meir som ei birolle i sitt eige liv. Kjærasten hennar, Aksel (Anders Danielsen Lie) – litt eldre, og ein suksessfull teikneserieskapar – vil at dei skal stifte familie, men Julie held igjen. Ein kveld snik ho seg inn på ein fest kor ho treff ein ung og sjarmerande fyr (Herbert Nordrum). Snart har ho forlatt Aksel og kasta seg inn i nok eit forhold. Julie kjempar for å halde alle dører opne, men finn snart ut at nokre livsval allereie ligg bak ho.

Verdens verste menneske er ein dramakomedie om kjærleik i vår tid. Om å ha alle moglegheiter i livet, men fortsatt kjenne seg som verdas verste menneske.
Manus er skriven av Eskil Vogt og Joachim Trier sjølv.

Filmen hadde si verdspremiere på filmfestivalen i Cannes i juli, og fekk der strålande kritikkar. Under festivalens prisutdeling mottok Renate Reinsve prisen for beste kvinnelege skodespelar. Ho blei med det den første norske skodespelaren til å vinne pris i Cannes.

Regi Joachim Trier
Skodespelarar Renate Reinsve, Anders Danielsen Lie, Herbert Nordrum
Premiere 15.10.2021
Nasjonalitet Norge
Originalspråk Norsk
Produksjonsår 2020
Lengde 2t 01m
Sjanger Drama, Komedie

Aldersgrense 12 år