Kino: Vikingulven

Kino: Vikingulven

VIKINGULVEN er ein klassisk varulvfilm i ei helt ny innpakning. Han er også Noregs første varulvfilm!

Thale (17) har nettopp flytta med familien til den lille byen Nybo fordi mora har fått jobb i det lokale politiet. På ein strandfest med lokale ungdomar blir ein student brutalt drepen, og Thale er nykelvitne i saken. Kven eller kva står bak drapet? Mykje tyder på at det kan vere eit dyr, kanskje ein ulv.

I løpet av etterforskinga oppdagar Thales mor – etterforskingsleiar Live Berg – at dei står overfor noko ganske anna og ukjend. Samstundes begynner Thale å sjå syner og oppføre seg merkeleg. Kva skjer i Nybo ved neste fullmåne?

VIKINGULVEN er ein ny film frå skaparane av TROLLJEGEREN, regissert av Stig Svendsen og med manus av TROLL-aktuelle Espen Aukan.
Premiere: 18.11.2022
Skodespelarar: Elli Müller Osborne, Liv Mjönes, Vidar Magnussen, Sjur Vatne Brean, Øyvind Brandtzæg
Sjanger: Action / Drama / Skrekkfilm
Regi: Stig Svendsen
Nasjonalitet: Noreg
Aldersgrense: 15 år
Fleire skildringar av blodige drapsofre og einskilde kraftige skrekkeffektar, gjer at filmen får 15 års grense.
Språk: norsk
Produksjonsår: 2021
Distributør: SF Norge
Filmen varer 1t 37 min.