Kunst og demens – Tilrettelagd omvising.
Vestlandsmalarar. Vi ser på bilete av Nikolai Astrup og andre malarar frå Vestlandet.
Omvisingane er gratis og eit tilbod til menneske med demens med følgjeperson. Ein treng ingen førehandskunnskap, og omvisingane blir spesielt tilrettelagde for dei påmelde. Alle får sitjeplassar ved kunstverka, og erfarne formidlarar syter for ein open samtale der alle kan bidra med eigne tankar og assosiasjonar. Vi avsluttar med kaffi og ein hyggjeleg prat.
Påmelding til evelyn@oseana.no seinast onsdag 1. februar. Avgrensa plassar.
I samarbeid med Kultureininga og med tilskot frå Bjørnafjorden kulturelle spaserstokk.
Nikolai Astrup: Kvennagong og Jølstratun (1920).