Kunst og demens – tilrettelagd omvising kl. 11:30 – 13:30

Kunst og demens – tilrettelagd omvising kl. 11:30 – 13:30

Inne og ute. Heimeliv og folkeliv sett gjennom bilete i Griegsamlingen.

Omvisingane er gratis og eit tilbod til menneske med demens med følgjeperson. Ein treng ingen førehandskunnskap, og omvisingane blir spesielt tilrettelagde for dei påmelde. Alle får sitjeplassar ved kunstverka, og erfarne formidlarar syter for ein open samtale der alle kan bidra med eigne tankar og assosiasjonar. Vi avsluttar med kaffi og ein hyggjeleg prat.

Påmelding til evelyn@oseana.no seinast torsdag 29. september. Avgrensa plassar.

 I samarbeid med Kultureininga og med tilskot frå Bjørnafjorden kulturelle spaserstokk.

Gustav Wentzel: Interiør med ammende kvinne (1893).