Kunst og demens – tilrettelagd omvising. Mandag 25.02 kl. 11.30 – 13.30

Kunst og demens – tilrettelagd omvising. Mandag 25.02 kl. 11.30 – 13.30

Påmelding til evelyn@oseana.no seinast torsdag 21. februar. Avgrensa plassar
 
Omvisingane er gratis og eit tilbod til menneske med demens med følgjeperson. Ein treng ingen forkunnskap, og omvisingane blir spesielt tilrettelagde for dei påmelde. Alle får sitjeplassar ved kunstverka, og erfarne formidlarar syter for ein open samtale der alle kan bidra med eigne tankar og assosiasjonar. Vi avsluttar med kaffi og ein hyggeleg prat.
 
I samarbeid med Os kommune, og med tilskot frå Os kulturelle spaserstokk.