Kunst og demens – Tilrettelagd omvising

Kunst og demens – Tilrettelagd omvising

Menneske i bileta: Kvardag og symbol. Ulike menneskeframstillingar sett gjennom nokre bilete i Griegsamlingen.

Omvisingane er gratis og eit tilbod til menneske med demens med følgjeperson. Ein treng ingen førehandskunnskap, og omvisingane blir spesielt tilrettelagde for dei påmelde. Alle får sitjeplassar ved kunstverka, og erfarne formidlarar syter for ein open samtale der alle kan bidra med eigne tankar og assosiasjonar. Vi tek oss tid med kaffi og ein hyggjeleg prat.

Påmelding til evelyn@oseana.no seinast onsdag 1. mars. Avgrensa plassar.

 I samarbeid med Kultureininga og med tilskot frå Bjørnafjorden kulturelle spaserstokk.

Kai Fjell: Førstereisgutten (1957).