
Sommaromvising i Grieg Kunstsamling kvar opningsdag i juli
I juli held vi kunstomvisingar kl. 13:00 kvar opningsdag (onsdag–søndag).
Omvisingane er lågterskel, dialogbaserte og vil passe dei fleste – også barnefamiliar. Varigheit er cirka 45 minutt. Du treng ikkje bestille på førehand, og du betaler kun vanleg inngangspris – sjå under.
Akkurat no er det sommarutstillinga Strålar du får oppleve utstilt. Utstillinga viser verk både frå norsk kunsthistorie og av nolevande kunstnarar, som alle på ulike vis forheld seg til lys, energi og stråling. Les meir om sommarutstillinga Strålar her.
—
Tid og stad: Onsdag–søndag kl. 13.00 i juli månad, Grieg Kunstsamling, Oseana kunst- og kultursenter
Inngangsbillett: Barn, student og honnør: 50,- | Vaksne: 100,-
BT fordel: Har du abonnement på BT, får du 50% rabatt på inngangsbilletten i Grieg Kunstsamling. Gjeld i perioden 20. juni–31. august.
Billettar kjøper du i resepsjonen.
—
Tusen takk til Grieg Foundation for eit godt og verdifullt samarbeid!