Kunsten å finne ro – Foredrag med Audun Myskja

Kunsten å finne ro – Foredrag med Audun Myskja

Kva er forskjellen på godt og dårleg stress? Korleis kan vi redusere tankestøyen i kvardagen? Kva er nøkkelen til indre ro og varig fred? I dette inspirerande føredraget vil Dr. Audun Myskja gi deg kunnskap og verktøy for å finne vegen til deg sjølv.

Audun Myskja har gjennom legepraksis, kurs og retreater hjelpt tusenvis av menneske med å finne roen, både i augeblikket og i livet. Han inviterer til refleksjon rundt kva ro betyr for oss, og kva teknikkar vi kan bruke når vi blir påverka av ulike former for stress, følelsesmessige utfordringar og vanskelege livshendingar. Du vil lære kvifor pust er eitt av dei mest undervurderte verktøya for å handtere uro og vonde kjensler, og korleis lyd og rørsle kan hjelpe deg med å regulere kropp og sinn.

Med over 40 års erfaring i helsesektoren er Myskja opptatt av å sjå heile mennesket, støtte opp om mennesket sine eigne ressursar og gi individuelt tilpassa verktøy for meistring og betring. Enten du er ein frisk person som ønskjer vekst og auka sjølvinnsikt, eller om du søkjer nye metodar for å meistre ein kvardag med kronisk sjukdom, er dette foredraget for deg! 

Varigheit: om lag 1t og 30 min
Rullestolplass og ledsagerbillett kan kjøpast i resepsjonen, over telefon: 917 50 231 eller epost: resepsjon@oseana.no Obs: Begrensa antall.