Kvinner på randen gjør comeback på Os

Kvinner på randen gjør comeback på Os

Kvinner På Randen er tilbake med 25-års jubileumsframsyning hausten 2022 på Oseana.

Marit Voldsæter, Elisabeth Moberg og Kjersti Berge klarte ikkje å la være. Dei måtte rett og slett finne saman igjen etter å ha opptredd på fire utselde spontanframsyningar til inntekt for Ole Bull Scene. Publikum og kritikarar jubla. Marit valde å avlyse sitt komande soloshow, Elisabeth takka nei til fleire store teaterroller og Kjersti tok permisjon frå jobben som dagleg leiar i Fargespill, kun for å gjere det som så mange har håpa på: Å gjenforene Kvinner på randen.

Resultatet blei ei 25-års jubileumsframsyning som gjekk for fulle hus i Bergen på Ole Bull Scene heile hausten 2021. Over 25.000 selde billettar og full jubel.

Kva kan vi forvente oss? Ei jubileumsframsyning med band, som inneheld nummer frå alle dei fire framsyningane og tv-seriane som Kvinnene laga i 1996 - 2005.

Trioen selde over 500.000 billettar før dei valde å gå kvar til sitt. Nytt materiale vil også stå på menyen.

Hilde Sol Erdal og Arvid Ones er instruktørar. Stageway er produsent.

Forstillinga varer ca 90 min.