Lag-NM i 9th Age 2023

Lag-NM i 9th Age 2023

Lagmeisterskap i Fantasy Battles: 9th Age

Regionmeisterskap der seks geografiske spelmiljø stiller med kvart sitt lag, og kjempar om å kunne kalle seg Noregs beste klubb og Noregsmeister i t9a 2023.

NM i t9a blir holdt i Vargasalen i Oseana, og publikum er hjarteleg velkomen. Fri inngong.

Litt om spelet:

9th Age er eit spel basert på det meir kjende spelet Warhammer: Fantasy Battles. I dette spelet kjempar ein mot motstandaren med ein hær av miniatyrfigurar. Monstre, magi og både noble og onde heltar leiar troppar på slagmarka. Taktikk og strategi, måleband og terningar avgjer slagets sigerherre.

Spelarane kjempar om eit felles oppdrag eller objektiv. Dei forsøker å halde så mykje som mogleg av sin eigen hær i live, samstundes som det er om å gjere å ta ut så mykje av motstandaren som ein klarer.

Den som sit igjen med flest poeng totalt på slutten, er vinnaren.

Kvart slag varer opp til 3 og ein halv time og spelast på ei slagmark som måler 4×6 fot.

Tidskjema for kampane, for publikums interesse:

Laurdag:

1. Runde: 09.00-12.30

2. Runde: 13.00-16.30

3. Runde: 17.45-21.15

Søndag:

4. Runde: 08.30-12.00

5. Runde: 13.00-16.30