Looking glass

Looking glass

Looking glass er ei sterk visuell oppleving. I denne danseframsyninga blir lys reflektert i bevegande og utforskande menneske, påverka av eit rom fylt med diskokuler. Det er ei fortelling om eigenverdi og usikkerheit i identitet.

Diskokulene består av mange små speglar som gjev oss eit fragmentert spegelbilete tilbake. Kva er ein spegel? Korleis brukar vi speglar? Med eit rom fylt av diskokuler og fengjande musikk, skaper scenografi og dansarar eit imponerande og spennande uttrykk. Samstundes presenterer verket fleire lag med emosjonelle og filosofiske tilnærmingar knytt til usikkerheit i det å vere ung, vekse opp, passe inn og ta valg.

Profesjonell danseforestilling med elevar frå Bjørnafjorden kulturskule

Eit samarbeid med Grov productions.

Dansekunstnar og koreograf: Roskva Yasmin Andersen
Medskapande dansekustnarar: Brita Grov og Alica Minar og Bettina Szabo
Lysdesignar: Thomas Bruvik
Kostyme: Zofia Solid Schullerud og Julie jensen
Musikk: Live Sollid Schullerud
Videograf: Maja Hannisdal
Fotograf: Thor Brødreskift

Støtta av: Kulturdirektoratet, Fond for Lyd & Bilde, FFUK, Vestland Fylke, Bergen kommune & Bergesenstiftelsen.

Co-produsent: BIT Teatergarasjen, Bergen Dansesenter – Regionale Kompetansesenter for Dans, Tou Scene.