Marion Ravn – Mellom disse 4 vegger

Marion Ravn – Mellom disse 4 vegger

Foto: Andrè Løyning

«Det beste jeg vet er å stå på en scene og spille live» er ord som ofte ligg lett på tunga til Marion Ravn, og kanskje meir i 2021 enn nokon gong tidlegare. Saknet etter å få opptre og formidle musikken til publikum er ekstra stort no, og det er ein ekstatisk artist som no legg ut på ein akustisk turné saman med sin faste musikar-makker Jan Ole Kristensen.

Parallelt med turnéen slepp ho også ny musikk. «Ti ville hester» er første smakebit frå det komande albumet, som vil bli delt opp i to delar. Første del kjem hausten 2021, medan andre del kjem i 2022.

Marion Ravn har allereie fått mykje ros for sin overgang frå engelske til norske låtar, eit val som blir kalla både smart og kreativt, særeigent og autentisk. Med desse norske låtane tek ho deg tett inntil sitt eiga hjarte, noko ho ønskjer å føre vidare til konsertane sine også:

«Jeg ønsker at publikum skal få følelsen av at vi er samlet hjemme i stuen sammen for en skikkelig hyggelig kveld. En kveld hvor man både kan tørre kjenne på de store følelsene, men også le sammen»

Singelen «Fritt fall» blei av VGs anmeldar kalla «Et magesugende popmirakel» og trilla terningkast fem.