UtseldMISJONEN -Antonsen & Golden LIVE med ganske spesiell gjest: BARE EGIL

MISJONEN -Antonsen & Golden LIVE med ganske spesiell gjest: BARE EGIL

Stand Up Norge presenterer:
Eit av landets leiande radioprogram går til scenen!
I ei årrekke har ein på P4 kvar fredag kl. 10 – 12 kunna høyre fullimprovisert munnglammeri frå meiningsmonarkane Atle Antonsen og Johan Golden.
No tek gubbegutane si fasitbaserte oppsummering av verda vidare til scenen som livepodkast.

Atle Antonsen og Johan Golden er ikkje heilt ukjende med å stå på scenen saman. For nesten tjue år sidan sto dei på humorscenen med framsyninga «Tilnærmet lik sant» og i 2008 blei «Misjonen» født. «Misjonen» lever fortsatt i beste velgåande som podkast og på P4.
Antonsen og Golden er i prinsippet to spalteglade herrar, men kva for spalter som måtte dukka opp på scenen av dei hittil svært uregelmessige og improviserte spaltane frå radio og podkast er høgst usikkert. ”Golden Duck”, lokalavisnyheitsspalta ”Stopp Pressen” og ”Ting vi ikke lurte på” er rimeleg halvfaste travarar, men plutseleg kan dei sporadiske spaltane ”Hvor kjedelig er hest” og ”Quizzzzzzz” også dukke opp.

I 2021 fekk det populære humorprogrammet nær 30 prosent av stemmene og stakk av med den gjeve publikumsprisen under «Prix Radio». Dermed gjekk publikumsprisen for første gong på 14 år til andre enn NRK. Misjonen med Antonsen og Golden fekk også dette året prisen for årets beste humorinnslag.

Om du ikkje trudde denne pølsa var fullstappa nok – deira faste vikar BARE EGIL kjem også!
Så kast duken, smør biffjernet, dra ankelsokkane midtleggs og gjer deg klar for ein kveld med misjonering LIVE!

Det er dette du vil ha.