NANA -kjærleikssonger gjennom flamencodans, song og spansk gitarmusikk

«Nana» er ei konsertframsyning som forteljar kjærleikssoger i form av flamencodans, song og uttrykksfull spansk gitarmusikk. Publikum får oppleve venleiken, sanninga og melankolien i musikken saman med ei urkraft som alle føler, men som ingen filosof kan forklara.
Den gir publikum ein flott sjanse til å bli betre kjend med temperamentsfull og magisk spansk musikk frå 1800- og 1900-talet. Flamenco reknast av mange som ei av dei mest magiske og særmerkte kunstformene ein kan oppleva. Den har ei rik historie som utfoldar seg ved kvart stamp av dansaranes føter, strengar av musikarens gitar og klapp av songarens hender.

Framsyninga fletter saman musikk av Manuel de Falla, Isac Albéniz med poesi av Federico García Lorca.

Utøvarar:
Nora Amanda Gundersen, gitar
Zsuzsa Zseni, mezzosopran og kunstnarisk leiar
Danitza Olea, flamencodans
Knut-Martin Langeland Rasmussen, gitar

Varigheit: 1 time