Nyttårsball 2023 – med Oldtimers Big Band og Nes Trad Band

Oldtimers Big Band og Oseana inviterer til feiring av det nye året!

Oseanasalen er rigga for dans, og med runde kafébord. Oldtimers Big Band og Nes Trad Band presenterer musikalske perler på ei snor. Vokalist Marita Moe Sandven kjem sjølvsagt, og sidan Frank Sinatra ikkje kan koma, er vi svært glade for at Fredrik Schmidt Fotland kjem. Han sørgjer for at du kan seia: «I’m feelin good!!»
Kjem du??....eller kanskje dette er svaret på julegåva du alltid strevar med å finna??

La deg freiste med ein betre middag i restauranten før musikken spelar opp. Utover kvelden kan du besøka baren i foajeen. Velkomen til ein «heilaften» i Oseana!!

18:30 Dører og barer opner
19.30 Musikken speler opp
24:00 Slutt