Opera ved fjorden sommarkonsert

Opera ved fjorden sommarkonsert

Årets sommarakademi blir avslutta med ein flott operakonsert i Oseana som du ikke bør gå glipp av. Kanskje er det morgondagens stjerner du får høyre for første gong?

Songarar og orkestermusikarar i alderen 18-30 år er veltrimma etter fem dagars intens jobbing, og klare til å ta imot publikum. Dei byr på utdrag frå dei mest kjende operaane. Ariar, ensemble og ein heil scene med regi. Møt alle dei nye talenta der dei ivrar etter å presentere seg sjølv på starten av sine karrierar.

Kunstnarisk leiing:

Solveig Kringlebotn, professor i sang ved KHiO og BDM

Sascha Goetzel, dirigent frå Wien

Eivind Gullberg Jensen, operasjef og dirigent

Sommarakademiet rettar seg mot unge songarar som er under utdanning, eller som nyleg er ferdigutdanna. Deltakarane får arbeide med dyktige pedagogar, coachar og dirigentar - alle med erfaring frå store operahus verda over.

Opera ved fjorden – Sommerakademi blir arrangert av Bergen Nasjonale Opera i samarbeid med Oseana kunst- og kultursenter, og er støttet av Grieg Foundation og Sparebankstiftelsen DNB.

Varer 60-90 min