Ørjan Burøe – Solo

Ørjan Burøe – Solo

Humor Norge presenterer stolt:
-Solo- Ørjan Burøe

Skamlaust ærleg og vilt morosamt levert av Ørjan Burøe, ei personleg framsyning heilt utan filter!
«SOLO» er ifølgje Wikipedia ein utøvar som opptrer fullstendig åleine, eller er den viktigaste melodibærar som spelar på eitt eller fleire instrument åleine.

Det er akkurat det Ørjan gjer i si tredje framsyning, "SOLO".
Denne gongen står han heilt åleine på scenen, og leverer uredd og bunnsolid om seg sjølv, samlivet, og det å plutseleg stå åleine.
Skal vi tru Ørjan sjølv, så er dette den morosamste framsyninga han hittil har skriven. Då er det berre å feste setebeltet for årets beste underhaldning, velkomen til Solo!

Showet varer ca. 70 min.