Os musikkforening – Jubileumskonsert med gjestar

Os musikkforening – Jubileumskonsert med gjestar

Os musikkforening feirar sin 120-årsdag saman med Os Skulekorps og Eirik Søfteland!


Programmet blir variert. Om alt går etter planen er vi akkurat ferdig med konkurransen «Hordaamatøren», og de får høyre programmet vi brukte der. Karl Ole Midtbø, som skal vere kveldens dirigent, vil nok i tillegg finne fram musikk frå «gamle dagar» som gjenspeglar litt av vår 120 år lange historie.

Saman med Eirik Søfteland blir det gjenhøyr med musikk av Queen – det må bli ein bra kombinasjon!

Os skulekorps går ein spanande haust i møte – blir dette Os-publikummet sitt første møte med deira nye dirigent?


Mari Lyssand er konferansier, og vil leia oss gjennom konserten og historia.