Os Senioruniversitet: Alexandra Vik: Frå hjerneforskar til pårørande ved demens

Os Senioruniversitet: Alexandra Vik: Frå hjerneforskar til pårørande ved demens

Medan Alexandra Vik sjølv forska på korleis hjernen endrar seg ved normal aldring og korleis ein kan føresei utvikling av Alzheimers sjukdom, fekk hennar eigen far ein demensdiagnose. Trass i mykje kunnskap førte det for henne, slik som for mange andre, med seg ein god del usikkerheit.  

I foredraget formidlar ho ei indre reiseskildring om det å vere pårørande ved denne typen hjernesjukdom. Alexandra Vik arbeider for at fleire skal få meir, betre og varig omsorg og at dette også skal gjelde pårørande.

Alexandra Vik er postdoktor, eigar og leiar av firmaet ConnectDem.

Varigheit: Om lag 1 t 45 min inkludert kaffipause.

Rullestolplass: Eit avgrensa antal rullestolplassar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no