Os Senioruniversitet: Anne Lyssand – Om kvinner i politiet

Os Senioruniversitet: Anne Lyssand – Om kvinner i politiet

I 1964 patruljerte den første kvinna i uniform i Bergens gater. Korleis har utviklinga vore fram til i dag? I 1958 fekk kvinner ei formell likestilling med menn i politietaten når det gjeld opptak på politihøgskolen, tilsetting og arbeidsbilkår, og i 1964 patruljerte den første kvinna i uniform i Bergens gater. Fram til denne tida var det rett nok fleire kvinner tilsette i politiet, men dei arbeidde oftast på kontor. Først i 1972 fekk politikvinner opplæring i utrykking og i våpenhandtering , og dei fekk høvelege uniformer - frå skjørt og småsko til uniformsbuksar og gode støvlar.

Etter kvart som det kom fleire kvinner inn i politiet blei arbeidsmetodane endra. Frå minst mogeleg maktbruk og knyttnevar - til meir empati med klienten. Er det i dag full likestilling? Får kvinner og menn dei same arbeidsoppgåvene? Og kva med leiande stillingar - har vi like mange kvinner som menn her? Anne Lyssand blei uteksaminert frå politihøgskolen i 1984, og er i dag tilsett ved Bjørnafjorden politistasjon. Ho er fagleiar for førebyggjande arbeid og politikontakt, samt ein av leiarane ved eininga. Ho har tidlegare arbeidd ved Oslo politidistrikt og i Bergen og hatt ulike roller og arbeidsoppgåver der.

Anne gjev oss eit lite glimt inn i den spanande og varierte kvardagen til politiet.

Semesterkort (fri inngang).
Førehandssal og billettsal i døra, 100,-