Os Senioruniversitet – Dagmar Bunæs – På tide å plassere munnen i kroppen
Dagmar Fosså Bunæs (fødd og busett i Os) er tannlege med doktorgrad og spesialist i periodonti.
Til dagleg arbeider ho som førsteamanuensis ved Institutt for klinisk odontologi, Universitetet i Bergen, der ho er utdanningsleiar for tannlege- og tannpleiarutdanninga og leiar av Seksjon for periodonti. Ho forskar på samanhengar mellom munn- og allmennhelse.
I dag lever den første generasjonen eldre med sine eigne tenner. I eit helseperspektiv er dette ei ekstrem suksesshistorie. Men klikkoverskrifter i media om at sjukdomar i munnen gjer oss sjuke andre stader i kroppen, skaper uro i dette tannhelseparadiset.
Det at munnen faktisk er ein del av kroppen, burde ikkje kome som ei overrasking på nokon av oss, men den har lenge vore isolert i separate fagmiljø, utdanningsløp og finansierings-modellar. I dag har vi derimot fått kunnskap som tilseier at vi skal ta grenseoppgangane mellom munn- og allmennhelse på største alvor.
Så er du nysgjerrig på kvifor det er ein samanheng mellom munn- og allmennhelse og korleis sjukdomar i munnen kan påverke generell helse, så er dette eit foredrag for deg.
Varer ca. 2 timar inkl. kaffipause.