Os Senioruniversitet: Linda Eide – Klinkande uklart

Os Senioruniversitet: Linda Eide – Klinkande uklart

Kvifor endar me så ofte opp med eit språk som skaper avstand og utestenging, irritasjon og apati? Linda Eide syner fram kva eit klart og tydeleg språk er, og kvifor det er så viktig. Det moderne samfunnet treng ein skikkeleg språkvask. Og her stiller Linda Eide med både kost og krut, samt mange lattermilde og pedagogiske eksempel.

Linda Eide har jobba som journalist og programleiar i NRK i over tre tiår og er mykje
nytta som foredragshaldar.

Foto: Tore Zakariassen

 

Varigheit: Om lag 1 t 45 min inkludert kaffipause.

Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no